Sidan starten av Ordbok API har prosjektet vakse frå eit hobbyprosjekt til ei fullverdig teneste med ein langsiktig visjon. På denne reisa har eg samla verdifull kunnskap og erfaring som eg gjerne vil dela med deg. Det er viktig for meg å halde fellesskapet vårt oppdatert om dei siste nyheitene og utviklinga rundt Ordbok API.

Tidlegare har eg delt informasjon og samhandla med fellesskapet vårt hovudsakleg gjennom Discord på NLL. Dette fungerte bra i startfasen då prosjektet var meir ein hobby. Men etter kvart som tida har gått, og Ordbok API har utvikla seg, har prosjektet vakse frå denne måten å kommunisere på.

Skjermbilete av diskusjon på Discord
Skjermbilete av diskusjon på Discord

Det er fleire grunnar til at eg har valt å starte denne bloggen:

  • Auka synlegheit: Eg ynskjer å nå ut til eit breiare publikum og dele kunnskapen vår og erfaringane våre med fleire.
  • Fordjuping: Bloggen gjev ein meir detaljert og grundig gjennomgang av tekniske løysingar og designval. Den lèt meg utforske og forklåre komplekse omgrep på ein måte som er tilgjengeleg for alle.
  • Samarbeid og open source-kultur: Ved å dele innsikt og utfordringar ope håpar eg å inspirere til samarbeid og bidrag til fellesskapet, anten det er gjennom GitHub, diskusjonar på Discord eller andre plattformer der ein kjenner seg heime.

For dei av dykk som ynskjer å fylgje med, kan de abonnere på bloggen vår via RSS, eller registrere dykk for e-postvarslar. Eg deler òg oppdateringar på Bluesky.

Sjølv om eg no lanserer ein blogg, vil eg framleis vera aktiv og tilgjengeleg på Discord for spørsmål og tilbakemeldingar.

Prosjektet sitt vegkart over tidspunktet frå 2024 til byrjinga av 2025
Det gjeldande vegkartet til Ordbok API-prosjektet, med atterhald om endringar.

I tida som kjem, ser eg fram til å dele innsikt i dei tekniske utfordringane eg har møtt, løysingane eg har funne og korleis det skal gå. Dette vil omfatte djupdykk i nye funksjonar, innblikk bak kulissane i arbeidsprosessen, og dessutan informasjon om planane for framtida.

Eg ser fram til å dele prosjektet si reise med dykk og håpar at informasjonen vil vera både nyttig og inspirerande. Takk for at du er ein del av fellesskapet vårt, og eg ser fram til mange spennande diskusjonar i tida som kjem.